Den nærmaste tida skal oljeserviceselskapet Archer nedbemanna med 115 stillingar.

Ein del av reduksjonen skal gjerast gjennom at tilsette går ned til halv stilling.

Det er ifølgje Offshore.no nedgang på Ekofisk-feltet og lågare bemanning enn venta på Statfjord og Eldfisk A som gjer at selskapet må kutta. Samtidig er aktiviteten til selskapet på Veslefrikk ikkje avklart.

Fagforeininga Industri Energi i Archer opplyser at ei skissert løysing er rundt 50 oppseiingar, 80 tilsette over i 50 prosent stilling og at 50 tilsette frivillig ønskjer å gå over i halv stilling mellombels. (©NPK)