Leiv Arne Grimstad At Bigset krins er blitt vertskap for den nye golfbana til Sunnmøre golfklubb, er godt synleg for alle som følgjer riksvegen mellom Hareid og Ulstein. Men visste du at krinsen no også har fått ein parkeringsplass som må vere mellom dei største her på øya? Det er B. Bigset Transport som har kjøpt og fått opparbeidt det fire mål store området, som blir nytta som både parkeringsplass og vaskeplass. Etter at B. Bigset tok over køyringa for Ahlsell Norge AS har selskapet fått mange hjul å trilel på. Dagleg leiar Ernst Bigset fortel at selskapet no disponerer ni bilar. Av desse går seks i transport for Ahlsell Norge AS, to i fast langtransport på Austlandet - og bil nummer ni blir nytta når det dukkar opp andre oppdrag. Området ligg på venstre side straks ein tek til på Snipsøyrdalsvegen frå Bigsetkrysset. Transportselskapet kjøpte det av Jarle Klungsøyr, medan Brekke & Kleppe AS har stått for opparbeidinga. - Vi valde å bruke beleggingsstein fordi denne er sterkare enn asfalt - og dessutan evdlikehldsfri, fortel Ernst BIgset.