At årets Bigsetmesse kolliderer med Cupfinalen ser ikkje arrangøren på som ein ulempe. Tvert om: dei riggar opp storskjerm i gymsalen – og satsar på stor stemning i salen under kampen mellom AaFK og Molde.
Arrangementskomiteen for Bigsetmessa meiner det skal bli eit fint sosialt fellesskap med storskjerm i gymsalen på Bigset skule når cupkampen mellom AaFK og Molde startar. Der blir både supporterutstyr, pizza, pølser og kaffi. Frå v.: Jan Arild Bjåstad, Anita Myrene og Grete Marit Dimmen. I tillegg er Barbro Østrem med i arrangementskomiteen.