Då resten av regionen reiste til Oslo og cupfinalen sist helg, gjekk Are Pilskog frå Hjørungavåg om bord på flyet i retning Wildlife Wasa International Nature Film Festival i Wasa i Finland.

"Second runner up"

Der gjekk naturfilmfestivalen av stabelen, kor Are Pilskog sin dokumentarfilm “Havets Sølv” var nominert i klassen “Beste nordiske film”. Sjølv om det ikkje bar heilt til topps for Pilskog denne gong, fekk han likevel ei utmerking for filmen sin som til slutt fekk ein solid andreplass i kategorien. Og Pilskog sjølv er strålande nøgd med resultatet.

– Eg fekk prisen “Second runner up” for andreplassen i kategorien “Beste nordiske film”. Det er utruleg kjekt, seier Pilskog til Vikebladet Vestposten.

Pilskog legg til at det er moro at filmen har fått så stor merksemd, både nasjonalt og internasjonalt.

– Filmskaparar frå utlandet fortel meg at det er ein flott, stor og viktig film. Og slikt er moro å få høyre når filmen min er med på ein så stor naturfilmfestival. Eg har berre fått positive og flotte attendemeldingar, understrekar Pilskog.

Auka merksemd

I desse dagar prøvar han å auke den internasjonale interessa for filmen, men å syne den fram for produksjonsselskap rundt om i verda.

– Eg har sendt den til produsentar i blant anna USA, Japan, Frankrike og Serbia. Så det vert spennande å sjå om den kjem med på fleire store filmfestivalar, flirer Pilskog nøgd.

Ute i bokhandelen

For dei som ikkje har sett dokumentarfilmen “Havets Sølv”, er denne tilgjenge for sal i fleire lokale bokhandlarar rundt om.

Pilskog hadde offisiell slepp av filmen på DVD førre veke.