Protokolltilførselen vil utan tvil bli lagt merke til når Fylkesmannen skal ha budjettet i Robek-kommunen Hareid til godkjenning.

Grytten viste til ein lovparagraf i det han grunngav protokolltilførselen med manglande konsekvensutgreiing av budsjettpostane.

Etter at formannskapet hadde kome med si tilråding tidlegare i månaden, hadde dei fem partia Høgre, Venstre, KrF, AP og Folkelista nemleg sydd saman eit ”felles endringsframlegg”.

Det var dette endringsframlegget rådmannen reagerte på.

Både Dag Audun Eliassen (Folkelista) og Ottar Røyset (Høgre) reagerte på rådmannen si innvending, og Røyset lurte på om rådmannen meinte at ein ikkje kunne kome med forslag til endra budsjettpostar utan utgreiing …?

- Det eg gjer merksam på ved protokolltilførselen, sa rådmannen då, - er at det vedtekne budsjettet skil seg vesentleg frå rådmannen sitt framlegg.

At det hadde gått ”vel fort i svingane” fekk rådmannen elles støtte i frå Framstegspartiets Øyvind Grimstad, som tidlegare i debatten hadde uttrykt misnøye over å få servert nærast som ”benkeforslag” eit budsjettforslag som på fleire punkt var uråd å vurdere og setje seg inn i.

- Eg håper vi unngår denslags i framtida, sa Grimstad, som elles roste ein del av tiltaka i ”fellesframlegget”.

*

Det var Dag Audun Eliassen (Folkelista) som la fram fellesforslaget. I dette står det blant anna at ein skal kutte i løner i administrasjon og drift på tilsaman 11 mill. kroner i komande fireårsperiode. Rådmannen får i oppgåve - innan 1. kvartal 2013 - å arbeide fram moment til ein nedbemanningsplan. Vidare inntektsfører fellesforslaget 1,6 millionar kroner over ein fireårsperiode i kraft av ”utvida samarbeid med Ulstein”. Fellesforslaget inneber også ein reduksjon i talet på barnehagar, sal av godsterminalen og ei samla inntekt på 3,1 mill. kroner over fire år frå parkeringsavgift i sentrum.

Fellesforslaget inneber ei viss skjerming av oppvekst- og velferdssektoren.

Berre Framstegspartie stemte i mot handlingsplanen. Dei la fram eit eige forslag om sal av kommunen sine Tussa-aksjar, sal av godsterminalen og ev. heile kaiområdet, sal av Brandal skulebygg - og nedlegging og sal av Hjørungavåg barnehage. Alle salsinntektene skulle gå til nedbetaling av gjeld.

NB! Også Framstegspartiet har bede om protokolltilførsel til måten fellesforslaget vart lagt fram på.