Laurdagen starta med mørke og gråe skyer over Herøy. Etter kvart flytta dei seg vekk slik at sola fekk skine over Almenningskaia i Fosnavåg sentrum og PSV-fartøyet “Makalu” som skulle døypast.
Folkefest
På Almenningskaia var såg det ut som ein skikkeleg folkefest. Det var det også, sidan eigaren av fartøyet, reiarlaget Global Offshore kjem frå India.
Det var overraskande mange indarar som hadde teke turen til Herøy og Fosnavåg sentrum laurdag. Noko Havyard la spesielt vekt på i sin tale under dåpen.
Godt samarbeid
Havyard legg fram frå talarstolen at samarbeidet med Global Offshore er svært godt, at det er det som er grunnen til at dei tok turen til Fosnavåg, slik at dei kunne skape ein liten “minifestival”.
– Vi har hatt eit fantastisk godt samarbeid med Global Offshore. Det at reiarlaget legg dåpen til Fosnavåg er eit godt prov på dette. Det er samstundes ei stor glede og æra å ønskje velkomen til skipsdåp. Dette er Havyard sitt bygg nummer 113, og det sjuande fartøyet Havyard leverer til Global Offshore. Vi i Havyard trur båten vil tene reiarlaget godt, fortel Kenneth Pettersen i Havyard, som ramsar opp at enno to båtar ligg i bestillinga og skal verte bygd.
Etter dåpen jubla den etter kvart store forsamlinga på kaia. Inviterte gjestar fekk sleppe om bord.
Global Offshore Services opererer en flåte med plattform forsyningsskip og ankerhåndteringsfartøy i India, Nordsjøen og Brazil.
Konsert
Før dåpen starta fekk den som ville kome om bord i “Makalu” for å sjå. Etter dåpen vart det arrangert konsert med rap-artistane Erik og Kriss.