Det er dykkarar frå Stridh Subsea med innleigde forsterkningar som har utførtdykkartenestene i samband med hevinga.

Morten Stridh fortel at det har vore ei nokså krevjande oppgåve.Men lekteren er ein såkalla "synkelekter” og dermed konstruert slik at detskal gå an å heve han i tilfelle havari.

Saman med to taubåtar fråKristiansund Taubåtservice vart den kompliserte hevinga endeleg fullført no før helga.

- Det kompliserte operasjonen at lekteren, etter å ha gåtttil botnar utanfor kaia, seig vidare ned på 40 meters djup og vart ståande klossi ein vassleidning – i berre tre meters avstand, fortel Stridh, som har fått konstatert at vassleidningen er uskadd.

Det at lekteren hamna på så stort djup gjorde hevinga også svært tidkrevjande. Det er nemleg slik at lekteren har eirekke kammer, 15 i talet, som kan fyllast med luft. Og her kjem det tidkrevjande dykkararbeidet inn. På såstore djup kan dei ikkje vere meir enntjue minutt om gongen. Og deretter må dei ha ein pause på 6-8 timar påoverflata før neste dykk. I tillegg er det svært tungt å arbeide på så stort djup.

Lekteren har vore oppe i overflata ein gong før under heveprosessen, men gjekk ned att på grunn av lekkasje i ein ventil. Heile vekahar det vore arbeidt suksessivt og ”skikkeleg” slik at ein no har fullkontroll på fartyet. Laurdagen vart nytta til å gjere inspeksjonar for å påvise eventuelle skadar.