Det var representantane frå AP (Siw-Marit Røyset Kaldhol), KrF (Kjersti R. Topphol) og  Venstre (Einar Warholm) som gjekk inn for å gå vidare med eigedomsskatt. Høgre (Anders Riise), FrP (Kjartan Grimstad) og Folkelista (Dag Audun Eliassen og Hallgeir Teigene) røysta mot denne skatten. Dermed seier fleirtalet i formannskapet nei.

Vil heller selje

Kjartan Grimstad tala varmast om å ikkje gå inn for eigedomsskatt. Han meiner dette er ein usosial skatt, og ønskjer heller å selje ulike kommunale eigedommar for å få orden på økonomien i Hareid. Grimstad peika på at Godsterminalen kan seljast. Han kjenner til at dei noverande leiketakarane ønskjer forkjøpsrett til terminalen. Grimstad tok også opp sal av Hareid sine aksjar i Tussa. Det var det ikkje god stemning for blant dei andre i formannskapet.

- Å selje Tussa-aksjane er ikkje aktuelt for oss. Vi kan ikkje seie nei takk til ein jamn og kontinuerleg pengestraum, sa Einar Warholm.

Siw-Marit Røyset Kaldhol kalla desse aksjane "sparegrisen vår".

Må ikkje bestemme no

Einar Warholm ville føye til i saksframlegget at eigedomskatten berre skal gjelde for dei fem neste åra, men det vart ikkje tatt med.

Hallgeir Teigene varsla at Folkelista ville røyste mot eigedomsskatt, men la til at kommunen ikkje treng om å bestemme seg no. Dei kan sjå an utviklinga etter at årsresultatet for 2012 er klart.

Ja til forpliktande plan

Den andre saka under torsdagens formannskapsmøte som skapte ein del debatt var "Forpliktande plan for berekraftig kommuneøkonomi i Hareid". Saka kjem som ein konsekvens av at Hareid er inne på ROBEK-lista med eit akkumulert underskot på 15.2 millionar kroner. Planen skal sendast og godkjennast av fylkesmannen. Han kan bety at mange stillingar forsvinn frå oppvektsektoren i Hareid.

Etter ein del reknestykke og spørsmål til rådmann (Grytten) og økonomileiar (Elde) gjekk alle i formannskapet inn for planen. Men det ligg an til at planen kan bli endra under kommunestyremøtet neste torsdag.

Då skal først spørsmålet om eigedomsskatt opp til røysting. Så budsjettet, og deretter den forpliktande økonomiplanen.

Økonomileiar Svein Elde har ein eigen perm om eigedomsskatt. Etter kommunestyremøtet neste torsdag veit vi om han får bruk for permen i 2013 eller ei.