For dei som ikkje tykkjer om snøfallet det siste døgnet, kan meteorologane trøste med strålande sol allereie på torsdag.

Kaldt - 0 mm nebør

Men med klårver følgjer kulde. Prognosene syner at både onsdag og torsdag får temperaturar rundt null grader, og at temperaturen synk ned til 4-5 minusgrader på fredag.

Yr.no gir ingen garantiar for at meldingane er truverdige, sidan dei er markert som "noko usikkert".

Men om dei stemmer, får vi pause frå snøbygene fram til laurdag - då det vert tre minusgrader og beskjedne snøbyger som gir 0,7 mm nedbør i døgnet.

Julesnø?

Yr.no sitt langtidsvarsel strekk seg til torsdag 20. desember. Fram til då melder dei minusgrader og opphaldsvêr, stemmer det er sjansane store for at dei siste mengdene med snø er årets julesnø.

Vanskelege køyreforhold

Trygg Trafikk er som normalt tidleg ute med å varsle bilførarar om å vere varsam i trafikken.

Dei opplyser at nysnø og temperaturar på null grader skaper vanskelege køyreforhold. Og tysdag morgon var ikkje føret det aller beste, spesielt på sidevegane i dei fleste grendene på Hareidslandet.

Difor kan det vere lurt å rekne god tid, og vise omsyn i trafikken.