For vel to veker sidan trekte Arnulf Goksøyr seg som styreleiar i Sunnmørsbadet AS. Bjørn Martin Aasen tok over som styreleiar etter han.

I går varsla Anders Almestad at han trekkjer seg som nestleiar, og det berre etter nokre få veker i styret. Almestad meiner at aksjonærane har ført ein politisk dragkamp, i staden for å fokusere på den store økonomiske utfordringane selskapet har.

Rosar Almestad for jobben

Sundag sende Stig Remøy ut pressemelding frå Olympic Shipping om at det er leit at Anders Almestad trekkjer seg frå styret i Sunnmørsbadet Fosnavåg AS. Selskapet eig 15 prosent av aksjane.

– Almestad har gjort ein god og ryddig jobb i samband med å få orden på økonomien i selskapet. No er det viktig at styret får mest mogleg arbeidsro slik at dei får full oversikt over situasjonen, seier Stig Remøy, adm.dir. i Olympic Shipping.

Olympic har full tillit til at styret under leiing av Bjørn Martin Aasen gjer det som må til for å få innhente kontrollen på økonomien i prosjektet.

– Som aksjonær set vi stor pris på den openheita sitjande styreleiar legg opp til. Det er viktig i eit prosjekt som dette, som i hovudsak byggjer på fellesskapet sine midlar gjennom engasjementet til Herøy kommune, seier Remøy.

Olympic føreset at det på den ekstraordinære generalforsamlinga vert valt inn styremedlemmar som har tilstrekkeleg røynsle frå tilsvarande store og omfattande prosjekt.