For vel eit år sidan starta Tom Sanne opp Sannto AS i Saunesmarka. Han held til vegg i vegg med eit bilvaskefirma, i bygget der bruktbilforretninga Infra Handel heldt til tidlegare.

Frå før driv Sannto med utleige av personbilar, varebilar, bubilar og campingvogn. Han kan også tilby litt verktøy og utstyr. Han er forhandlar av industrimaskiner.

Interessa for produkta hans er stigande, men det tek tid å byggje seg opp, forklarer han.

– Eg måtte til med noko meir, så då vart det dekk, forklarer Sanne som har bakgrunn med dekk frå før. Han har bakgrunn frå  bilbransjen i Oslo.

Dekkhotell

Tom Sanne har inngått samarbeid med ein av dei store  dekkleverandør her i landet.

Butikken skal no tilby alt av dekk og felgar med tilhøyrande dekkverkstad. Han vil også ha fullt dekkhotell.

– Vi har investert i nye moderne dekkmaskiner til dette føremålet, fortel den daglege leiaren.

– Eg vil tilby dekk til alt frå trillebårer til lastebilar, legg han til.

Godkjent av vegvesenet

Verksemda i Ulsteinvik er godkjent av Statens vegvesen for denne type drift.

Han har tilsett ein ekstra mann til å styre verkstadbiten. Det er Arne Hans Høymer.

I butikken vil Tom Sanne få på plass ein storskjerm med datamaskin der kundane kan sjå korleis bilen deira vil bli sjåande ut med ulike dekk og felgar.