Vard har inngått ein intensjonsavtale med Nordic American offshore om design og bygging av to plattform forsyningsskip. Med ii kontrakten er også opsjon på eit skip nummer tre, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Skipa er utvikla ved Vard Design i Ålesund.

Skroga skal byggjast ved Vard Braila i Romania og dei skal utrustast og gjerast ferdige ved Vard Aukra.

Skipa er av typen Vard 108, og leveringa skal etter planen skje i andre og tredje kvartdal 2015.

Opsjonen på det tredje skipet går ut i juli 2014.

Reiarlaget Nordic American Offshore eig åtte plattform forsyningsskip. Selskapet, som vart etablert i 2013, er delvis eigde av Nordic American Tanker.