Sunnmøringane Edvard og May Britt Moser har blitt tildelt Nobelprisen i medisin og fysiologi for sitt arbeid innan hjerneforsking.

- Korleis kan vi forstå kvar vi befinn oss? Korleis kan vi finne vegen frå ein stad til ein annan? På kva måte kodar hjernen denne informasjonen slik at vi omgåande finn rett fram neste gong vi går på same vegen? Årets Nobelprisvinnarar har oppdaga eit posisjoneringssystem, ein slags "indre GPS" i hjernen som gjer det mogeleg å orientere seg i rommet. Deira arbeid viser korleis ein avansert intellektuell prosess blir utført av hjernen sine nerveceller, seier Nobelforsamlinga i presentasjonen av årets prisvinnarar.

Moser-paret deler prisen med amerikanaren John O´Keefe og på nettsidene til Nobelprisen kan ein lese at dei tre får prisen for sine oppdagingar av celler som utgjer eit posisjoneringssystem i hjernen.

– May-Britt og Edvard Moser kartla koplingane to hippocampus i rotter som flytta seg rundt i eit rom, då dei oppdaga eit utruleg aktivitetsmønster i ein nærliggjande del av hjernen, cortex entorrhinicus, skriv Nobelprisen i ei pressemelding.

Komiteen som deler ut Nobelprisen i medisin og fysiologi er sett saman av femti professorar frå Karolinska Institutet. På nettsidene til Nobelprisen skriv dei at prisen har blitt delt ut sidan 1901 til forskarar som har gjort dei viktigaste oppdagingane som kjem menneska til gode.