Ulstein Skateklubb vil fredag og laurdag selje lodd med mål om å samle pengar til eit show i samband med opninga av den nye skateparken.

Under Trebåtfestivalen i august er det planlagt offisiell opning av den nye skateparken på Store Vikholmen. Ulstein Skateklubb er takksame for all økonomisk støtte dei har fått for å realisere draumen. I tillegg til sponsormidlar er Ulstein kommune bidragsytar, og etter planen skal halve kostnadssummen finansierast gjennom spelemidlar.- Pengane vi får inn gjennom lotteriet ønskjer vi å nytte til å få til eit opningsshow med profesjonelle skatera og kanskje skateskule, fortel leiar for Ulstein Skateklubb, Odin Mathias Mork.

Gjere ein forskjellSteffen Kopperstad tok kontakt med skateklubben med ideen om eit lotteri. Bakgrunnen er at far til Steffen, Per Kopperstad, har kjøpt seg ein Ferrari som sonen meiner fleire burde få gleda av.- Eg har fylgt med på skateklubben og medlemmane sitt ønske om ein skatepark. Eg har lyst å vere med og gjere ein forskjell og ønskjer å hjelpe skateklubben med å samle inn pengar slik at dei kan få til ei god opning av skateparken dei har drøymt om så lenge, fortel Steffen. - Det er heilt konge at Steffen og faren vil hjelpe oss, supplerer Odin.

Vinn tur med FerrariUlstein Skateklubb i samarbeid med Steffen vil selje lodd fredag og laurdag i samband med Smak av Ulstein. Hovudpremien begge dagar er ein tur rundt Gurskøya med «Kopperstad-Ferrarien», altså er det to sjansar til å vinne tur med Ferrari.-Det kostar 50 kroner for eit lodd og eg håpar mange vil kjøpe. Eg har fått ein liten prøvetur med Steffen i Ferrarien og det er heilt rått, reklamerer Odin.Steffen har sjølv stått mykje på rollerblades og snowboard i oppveksten og lært mykje av dette. -Eg er av den oppfatning at det bør vere meir tilbod til barn og ungdom enn dei typiske organiserte idrettane. Det er gledeleg at det no endeleg blir ein skatepark i Ulsteinvik, held Steffen fram.

MOT med på lagetI tillegg til hovudpremien vert det også trekt nokre premiar (kle og utstyr), som Ulstein – Lokalsamfunn med MOT står for. -Vi ønskjer å vere med og støtte skaterane som både viser mot med sine ferdigheiter, og ikkje minst den jobben skateklubben med leiar Odin i spissen har gjort med å få på plass sponsorar, seier Ulstein sin MOT-koordinator og ungdomsarbeidar Marie Flatin.Ho er svært glad for at skateparken i Ulsteinvik snart kjem på plass.-Eit av dei første måla eg sette meg då eg byrja som ungdomsarbeidar i Ulstein for snart fire år sia, var å vere med og jobbe for å få på plass ein skatepark. Det har vore ei glede å jobbe i lag med engasjerte og kjekke ungdommar som har stått på for å realisere sin draum. Eg oppmodar folk om å kjøpe lodd slik at skaterane får eit knallbra opningsshow, avsluttar ungdomsarbeidaren.