Frå 1. juli skal den nye ungdomsstraffa setjast i verk. Ungdomsstraffa vart vedteken tilbake i 2011 av eit samrøysta Storting, men vedtaket har lege på vent fram til no - i påvente av at konfliktråda skulle rustast opp.

No vil det verte utarbeidd samarbeidsavtalar mellom konfliktråda og kommunane i landet, skriv Møre-Nytt. Konfliktrådet på Sunnmøre dekkjer same område som Sunnmøre politidistrikt, skriv avisa vidare.

Oppfølgingsteam

Ungdomsstraffa er eit alternativ til vilkårslaus fengselsstraff for ungdomar mellom 15-18 år, der dei vil få eit oppfølgingsteam rundt seg.

Dette teamet vil vere representert av politi, barnevern, rusomsorg, skule, helseteneste, kriminalomsorg og føresette.

Derfor vil eit tett samarbeid med kommunane vere viktig for Konfliktrådet.

Den nye ungdomsstraffa skal vere eit alternativ til vilkårslaus fengsling av ungdommar i alderen mellom 15-18 år. Foto: illustrasjon/flickr