I slutten av februar i år fekk fleire husstandar i Ulstein kommune utlevert sporfilmar til å måle radonnivå. Etter to månader er resultata klare, og dei er svært oppløftande. – Vi har no fått analysert alle sporfilmane, og resultata er veldig låge, seier Peder Arne Almedal som jobbar i Ulstein kommune. Avkrefta Flø-mistanke Før målingane vart gjort, var det mistanke om at nivåa på Flø var høgare enn elles i kommunen. Ei gamal måling frå Flø viste nemleg eit relativt høgt resultat. Dei nye målingane avkreftar dette. –Vi kan i alle fall roe ned folk, og understreke at nivåa er svært låge, seier Almedal. Det har vore gjennomført målingar i følgjande område: Flø, Osnes, Sundgot, Eiksund, Saunes, Saunesmarka og Holsekerdalen. – Vi har hatt rundt 60 målepunkt, og alle desse viser at det er liten strålefare i Ulstein. Sporfilmane vart plasserte i område der ein forventar bygging i tida framover, fortel Almedal. Godt å få det bekrefta Måndag ringde Vikebladet Vestposten Trond Roppen for å høyre hans reaksjon på måleresultat. I huset hans på Flø har det vore utplassert to målarar. Den eine viste verdien 13, og den andre viste verdien 14 Bq/m³. Dette gjev ein utrekna årsmiddelverdi på 10 Bq/m³, noko som er svært lågt. – Det var bra å høyre, det er veldig godt å få det bekrefta, seier Roppen. Fleire av dei som deltok i målingane, vil nok glede seg over den same gladmeldinga.
Nyhende →
Låge radonverdiar i Ulstein
Resultata frå radonmålingane i Ulstein er no klare. Alle målingane viser låge verdiar.