"Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel eitt hundre og åttifem tusen mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle dei døde kroppane som låg der. Då braut assyrarkongen Sanherib opp og drog heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive. "(2. Kongebok. 19.35)

Assyrarkongen gjorde det einaste fornuftige. I Det gamle testamente (GT) la ein seg ikkje ut med ein engel. Berre spør innbyggjarane i Sodoma og Gomorra. Dei trakasserte to utsende englar, og dermed gjekk byane deira under i eit eldregn. Då farao heldt israelittane i fangenskap, sende Gud ein «øydeleggjar» som tok livet av alle dei førstefødde i Egypt.

Men sjølv Guds utvalde måtte passe seg. Patriarken Jakob slåst med ein engel ei heil natt. Og i 1. Krønikebok sende Gud ein engel for å øydeleggje Jerusalem, men ombestemte seg.

Det er også englar som vaktar inngangen til Paradis, slik at mennesket ikkje skal kome tilbake.

Fleire typar englar

Ordet engel kjem frå gresk, "angelos", og betyr "sendebod". På hebraisk vart omgrepet "malak" brukt, det betyr òg "sendebod".

– Dette blir ofte brukt om engleskikkelsar i forteljingane i Bibelen. Dei er ein fast type i GT og trer ofte fram i menneskeliknande skikkelsar, seier teologiprofessor Helge S. Kvanvig.

– Men i tillegg finst ein annan tradisjon: Dei himmelske vesena som omgir Gud. Denne førestellinga blir bygd veldig ut i seinare jødisk tradisjon. Så det er to ulike engletypar, to ulike konsept, som etter kvart har vorte blanda saman, forklarer Kvanvig.

– Hovudpoenget her er at dei er sendebod frå Gud. Då blir det også ein del av pakken at det dreier seg om mektige vesen, seier professor i religionsvitskap Dag Øistein Endsjø.

– Men i Det nye testamentet (NT) står dei fram som mildare. Dette kjem av at forteljingane i GT har eit meir legendeaktig preg. Dei handlar om store ting som skjedde veldig langt tilbake i tid. NT skildrar derimot hendingar i ei tid då trua på direkte guddommeleg inngrep i samtida har spakna veldig. Då roar også englane seg.

Dermed ikkje sagt at det er forventa at dei skal halde fram med å ha ei tilbakehalden rolle.

– I Openberringa spelar dei igjen ei handlekraftig rolle. I endetida skal dei altså igjen vise sine mektige sider.

Ufarleggjort i kunsten

Men når og korleis byrja englane å bli meir harmlause? Teologiprofessor Kvanvig meiner vi må leite i kunsthistoria frå Vesten:

– Gjennom heile mellomalderen var jo ikonografien, bileta, viktigare enn bibelteksten. Det var gjennom bileta folk flest fekk oppleve historiene frå Bibelen. Og det vart utvikla ein ganske saftig ikonografi av englane. Men samtidig vart dei også brukt som meir dekorative figurar. Og eg trur nok det er i denne dekorative kunsten vi finn byrjinga på dei meir harmlause englane, seier han.

Også Endsjø set endringa inn i ein kunsthistorisk samanheng:

– Den greske guden Eros vart gjerne framstilt som ein liten gutunge, og under barokken ser vi at han blir blanda saman med diverse småenglar. Så på 1600-talet er prosessen i gang, seier han.

Rundt 1800 skifta englane for alvor framtoning. Folkereligiøsiteten plasserte dei i tilknyting til heimen, og dei vart meir feminine. Utover på 1800-talet byrja det å florere med kitschbilete der beskyttande englar vaktar borna.

– I denne perioden blir religionen meir demokratisert og humanisert. Det guddommelege blir meir i samsvar med moderne moralnormer. Religionen får eit visst preg av "kardemommelov" sett opp imot tidlegare tolkingar. Og englane støttar opp under dette, forklarar Endsjø.

Kvanvig er einig:

– Det er jo naturleg at når Gud endrar karakter, når dei meir skrekkelege trekka blir borte, så forandrar òg bodbringarane karakter.