Nyhende →
Audhild om den nye digitale kvardagen
Frukost i Aasen-tunet neste fredag: Fredag 25. juni kan du få ein ekstra god start på arbeidsdagen. Dei nynorske festspela inviterer, i samarbeid med Kontaktpunktet Volda Ørsta, til frukost i Aasen-tunet med viktige ord attåt. Maten kjem frå lokale produsentar, dei viktige orda er det Audhild Gregoriusdotter Rotevatn som står for. Dei handlar om den nye digitale kvardagen, og om nynorsken sin plass i denne.