I mange år har teo­ri­prø­vene vore gjen­nom­ført di­gi­talt utan at Sta­tens vegvesens til­set­te har vore til stades i rommet.

– Vi må flyt­te våre til­set­te frå an­dre opp­gå­ver og inn i teoriprøveromma igjen for å for­hind­re juks. Sam­stun­des prø­ver vi å skjer­me dei an­dre te­nes­te­ne vi til­byr på tra­fikk­sta­sjo­nen. Då blir det dess­ver­re slik at det ik­kje len­ger blir like fritt for kan­di­da­ta­ne å velje dag for å ta teo­ri­prø­ven, sei­er av­de­lings­di­rek­tør Fro­de Bør­stad i Sta­tens vegvesen.

Han mei­ner det er synd at juksarane øydelegg det gode til­bo­det alle som tek teo­ri­prø­ve har hatt.

– Vi har hatt eit til­bod som både bru­ka­ra­ne våre og vi har vore svært nøg­de med. Di­for mei­ner vi det er trist at det som trass alt er gans­ke få skal øy­de­leg­gje for så mange, sei­er Bør­stad.

God kunn­skap om tra­fikk­reg­lar og trafikksikkerheit er ei føresetnad for ei­gen og and­res tryggleik i tra­fik­ken. Sta­tens vegvesen jobbar di­for også med al­ter­na­ti­ve me­to­dar for å av­dek­ke juks på teo­ri­prø­va.

Det­te mel­der Sta­tens vegvesen i ei pres­se­mel­ding.