Føredraget "Sjef i eige liv" med Ingvard Wilhelmsen den 11. oktober på Sjøborg synte seg å vere særs populært. Billettane til arrangementet vart rivne vekk alt i juni!

Kulturkontoret i Ulstein prøvde å frå til to føredrag med den populære psykologen denne kvelden, men det var ikkje mogleg.

No har dei fått avtalt med han at han kjem igjen i februar 2018, så då blir det ei ny moglegheit til å oppleve eit føredag med han i Ulsteinvik.

Ingvard Wilhelmsen er ein norsk lege og professor med hypokondri som spesialfelt. Føredraget hans "Sjef i eige liv" handlar om å ta ansvar for eigne haldningar, kjensler og åtferd. Arrangementet i oktober er ein del av Ulstein kommune si markering av Verdsdagen for psykisk helse.

Rådet frå Wilhelmsen er å ta gleder på forskot. Om det ikkje slår til, har ein i alle fall hatt den gleda. Og slår ho til blir det dobbel glede.

Så då er det vel berre å gle seg.