I høve Kongeparet si feiring av 25 år på trona vil H.M. Kongen og H.M. Dronninga arrangere ein hagefest i Slottsparken torsdag 1. september.

Dette skal vere ein hagefest for folket, der eit tverrsnitt av heile landet skal vere representert. Inntrykket skal vere "Noreg i miniatyr". Det skal vere ei god breidde både i alder, kjønn, etnisitet, roller og sosiale tilhøve.

Kvart fylke er oppmoda om å finne til saman femti personar som kan representere fylket. Brote ned på kommunenivå skal Hareid og Ulstein finne to personar kvar som kan ta del i arrangementet. Personane som blir foreslått skal ikkje kontaktast på førehand, og altså ikkje vite at dei er på lista. På det viset skal ingen bli skuffa dersom fylket må gjere endringar. Derimot skal invitasjonen vere ei hyggeleg overrasking når den kjem i posten.

Kommunane har frist på seg til 25. april til å føreslå kandidatar. Deretter skal Fylkesmannen setje saman ei gruppe på 50 personar som representerer "folk flest" frå Møre og Romsdal.