I eit høyringsinnspel til planprogrammet for flytebru over Sulafjorden seier fylkeskommunen seg oppteken av at vegtraseane ikkje skal kome i konflikt med freda kulturminne.

Av desse er det særleg mange på Ovra.

For alternativ A over Langeneset i Brandalsstranda peiker fylkeskommunen på ei gravrøys ved steinen Islendingen. Tidlegare har dei peikt på eit gravminne på Bjåstad (der det kan vere aktuelt med tunnelinnslag).

Men det er altså særleg alternativ B over Ovra som vil utfordre Hareid sine kulturminne:

“Her er fleire røyser innetter stranda, og mengda gravrøyser og andre kulturminne toppar seg kring Ovrasanden, der også busetjingsspor ligg nedanfor dei sentrale gardsområda i dag”, heiter det i innspelet.

På Ovra ligg tilsaman 10 freda kulturminne - og ved Ovrasanden ligg kulturminna innafor eit statleg sikra friluftsområde.

Fylkeskommunen slår dermed fast at det rike kulturmiljøet på Ovra ikkje bør byggast ned.

“Det vil vere vesentleg for vår handtering av saka at ein søker å unngå konflikt med fornminna, dette gjeld direkte fysisk, men også den visuelle verknaden må søkast minimalisert”, heiter det i brevet - der det også blir påpeikt kor viktig det er med “god visualisering av verknadene før ein set i gang”.