Vi blir stadig bombardert av ny teknologi som skal erstatte ein gammal teknologi. Den lengje omsnakka DAB-radioen (Digital Audio Broadcasting) er på veg opp. Difor har Vikebladet Vestposten testa DAB-radio i bil. Vi er imponert.

Framleis FM-nett

I ei stasjonsvogn står ein spelar med den siste teknologien i seg. Nemleg DAB-radio. Denne er ettermontert, då det originalt stod ein annan spelar montert frå bilprodusent, men då utan DAB-radio.

Ved montering av DAB-radio i bil får du montert ei antenne under dashbordet som limast på høgre side av vindauget. Det er denne antenna som skal gje deg god lyd. DAB-radio kan du få levert som spelar over to etasjar (2 DIN som på biletet i artikkelen) eller i vanleg storleik (1 DIN).

Spelaren vi testar ut er ein 2 DIN. Det gir oss ein skjerm på sju tommar stor berøringsskjerm. Noko som gjer det enkelt å bla mellom kanalane når bilen står parkert. Ikkje skift kanalar når du køyrer. Den modellen vi testar, kan vi velje mellom DAB-radio og det gamle FM-nettet.

Først køyrer vi NRK P1 på FM-nettet innanfor ei god rekkjevidd. Vi slår over til same kanal, men då på DAB-nettet. Lyden blir straks mykje klarare og sterkare. Det vi høyrer av bakgrunnstøy i FM-nettet forsvinn. Ei klar forbetring. Sidan bilar er bygd for å køyre, tek vi oss ein køyretur. Her prøvar vi fleire kanalar, NRJ, NRK MP3, NRK Møre og Romsdal, Radio Norge, Radio5 også vidare. Alle kanalar spelar klart og godt, der lyden verkar mykje forbetra i bilkupeen. Underteikna likar godt det som kjem ut av bilhøgtalarane. Tunnelar er alltid ei utfordring. Der kjem du ikkje til å høyre mykje. Heldigvis har vi korte tunnelar.Straks du er ute, har du den sterke og klare lyden på plass att.

Bra på kontor

Fleire radioprodusentar har lansert sine DAB-radioar. Både for bilar, heim og kontor.

På kontoret kan det passe med ein liten radio. Etter det Vikebladet Vestposten er blitt fortalt, fungerer desse utmerkt både i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

Konklusjonen er at DAB-radio fungerer utmerkt på Hareidlandet og i kommunane rundt oss.

Fleire kanalar er tilgjengeleg når du slår ovet til DAB-radio. Foto: Joar Ødegård