Seatankers sitt tredje plattform-forsyningsskip av PX105-designen frå Ulstein, "Sea Forth", vart levert 16. august 2013 frå Zhejiang-verftet i Ningbo.

Ulstein skal levere i alt tolv design- og utstyrspakkar til det kinesiske verftet, der alle skipa til Seatankers skal byggast. Pakkane inkluderer design, engineering og utstyr. Skipa vil bli klassifiserte etter Clean eller Clean Design-standardane frå Det Norske Veritas.

Alle skipa har X-bow-skroglinjedesign.

- Denne typen fartøy har lite vibrasjonar om bord, noko som aukar komforten. Ein får heller ikkje noko fartstap av di der ikkje oppstår slag frå sjøen. Fartøya kan halde høg fart også under dårlege vêrforhold, noko som gir ei betre utnytting av kapasiteten, skriv Ulstein i ei pressemelding.

Internasjonalt

- I dette prosjektet har medarbeidarar frå Ulstein sine selskap i Noreg, Polen, Kroatia og Kina bidrege med design, engineering, oppstart av utstyr og ferdigstilling av byggeprosjektet, fortel prosjektleiar i Ulstein Design & Solutions, Johannes Røren.

"Sea Forth" er byggenummer ZJ2015. Skipet er 88,9 m langt og 19 m breitt, og har ei dødvekt på 4500 tonn og eit lastedekksareal på er om lag 1000 kvadratmeter.

Skipet er utstyrt med dieselelektrisk framdriftssystem, og med Azipull 100-propellar kan skipet halde ei fart på 15,5 knop. "Sea Forth" har ei omfattande elektro- og automasjonspakke frå Ulstein Power & Control, som leverer ei integrert totalløysing som omfattar elektrisk framdriftssystem, hovudtavler og distibusjonstavler, samt kommunikasjonssystemet Ulstein Com, bruløysinga Ulstein Bridge og automasjonssystemet Ulstein IAS.