Laurdag ser ut til å bli ein flott dag for Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. Folk kjem strøymande til, og langs kaiene ligg det akkurat no nærare 60 båtar, små og store. Tom Henrik Muggerud fortel at torsdagen vart ein bra dag, men at regnveret gjorde at oppmøtet fredag ikkje vart så bra.

- Det positive fredag var stappfullt hus på "Den gode nabo" under Skippermøtet". Der har aldri vore så mykje folk før, legg Muggerud til.

Men i dag, laurdag, skin sola igjen. Og det begynner no å bli mykje folk i Ulsteinvik sentrum. På kaia er det kystmarknad, og Kaptein Blåtann er venta å stige i land kva tid som helst. Deretter blir det tango trio med melodiar til Ivar Aasen sine tekstar. Volda Veterankorps skal spele i takt til ein motor - og i Bakargarden blir det utekonsert.

Seinare i kveld blir det blant anna show og dans med "Ausekarane" i festivalteltet, der også trubadur Mattis skal underhalde.