Høgre held denne helga landsmøte på Gardermoen. Ei av sakene som har vore oppe er kor vidt skriftleg sidemål skal vere obligatorisk i ungdomsskulen og på vidaregåande skule. Med 187 mot 112 røyster gjekk landsmøtet inn for å fjerne skriftleg obligatorisk sidemål, skriv smp.no. Fleirtalet vil framleis at elevane skal bruke tekstar både på nynorsk og bokmål gjennom heile skulegangen.

Uansett får vedtaket Norsk målungdom (NMU) til å reagere.

- Kort sagt vedtok Høgre at bokmålsbrukarar ikkje treng å lære nynorsk, og at statlege byråkratar ikkje treng å yte sørvis på nynorsk. Dette er gamaldagse og mindretalsfiendtlege idear, som vil gjere det vanskelegare å bruke nynorsk. Den norske tospråklegheita gir oss ein glimrande sjanse til å la ungane lære meir språk tidlegare. For å gripe den sjansen må vi ha ei ny og betre løysing; tidlegare start med sidemål. Det er nedslåande at Høgre i staden tviheld på dårlege og utdaterte idear i sidemålssaka, skriv NMU-leiar Vebjørn Sture i ei pressemelding som Vikebladet Vestposten har fått.

Vidare kallar Sture Høgre-vedtaket for dinosaurpolitikk.

- I eit moderne demokrati er det staten og byråkratane som er til for borgarane, ikkje omvendt. No vil altså Høgre la byråkratane diktere statens språkbruk overfor borgarane. Det er å skru klokka langt tilbake i tid. Høgre gjer seg med dette til språkpolitiske dinosaurar, skriv Sture.

Det høver med å nemne at det i 2011 var 87 Høgre-delegatar som røysta imot eksamen i skriftleg sidemål, så talet på motstandarar av vedtaket har auka.