Ein mann frå Herøy var i fjor haust på biltur til Ulsteinvik. Men sjølv om køyeforholda var gode, køyrde han av vegen.

Mannen har i ettertid vedgått at han før køyringa hadde drukke 0,4 liter pils, to drinkar - og i tillegg smakt av ein drink.

Etter utforkøyringa drakk han endå ein drink før han la seg for å sove.

Ringde sjølv til politiet

Men rundt klokka 09.00 neste morgon tok politiet kontakt med han. Det vart ikkje tatt blodprøve, og mannen bles heller ikkje i alkometer. Men han ringde sjølv til politiet og erkjente at han hadde køyrt bil i påverka tilstand.

Mannen er i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 18 dagar, ei bot på 10.000 kroner og tap av førarrett i sju månader.

Fengselsstraffa er utsett med ei prøvetid på to år.