Alle som har søkt om barnehageplass til hausten i Hareid vil få plass, går det fram av eit notat om hovudopptaket for barnehagane i kommunen.

Det har kome nye 69 søknader om plass frå hausten. Samtidig går 85 av dagens eldste barnehageborn over i 1.-klasse.

I mai 2014 har 337 barn plass i barnehagane i Hareid. Frå august 2014 vil der vere 283 barn med barnehageplass; 143 ved Grønmyr barnehage Holstad og 140 ved dei  tre kommunale barnehagane.