Godt over 11.000 personar har så langt i år skaffa seg båtførarbevis. Det er 20 prosent fleire enn på same tid i fjor, ifølgje Sjøfartsdirektoratet.

Det er flest menn som gjer seg kvalifiserte til å stå til rors. Ikkje meir enn ein dryg firedel av dei som har tatt båtførarprøven i år (28 prosent), er kvinner, viser tal som direktoratet har fått får Norsk Test AS.

Rundt 1.500 av dei som er født før 1. januar 1980, og som dermed ikkje må ha beviset for å føre ein båt, har òg tatt prøven så langt i år. Det er fleire enn før.

– Eg er glad for at stadig fleire tar båtførarprøven og skaffar seg båtførarbeviset. Det er særleg positivt at så mange av dei som ikkje er pliktige å ha båtførarbeviset, skaffar seg dette, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen, som håpar at enda fleire i den meir vaksne aldersgruppa tar båtlappen.

– Da kan vi nå denne særleg ulykkesutsette gruppa med viktig kunnskap som kan betre tryggleiken, seier Akselsen.

Alle som er født etter 1. januar 1980, må ha båtførarbeviset for å føre båtar som er over 8 meter lange, eller som har motor på 25 hk eller meir. Beviset gjeld for båtar opp til 15 meters lengd, og du må vere minst 16 år for å få beviset.