Ulstein Sokn ønskjer seg ei arbeidskyrkje. Dagens kyrkje byrjar bli lita.

I fjor haust føreslo nemnda som soknet hadde sett ned at ein kunne byggje på dagens kyrkje. Men framlegget vakte reaksjonar frå ein del innbyggjarar i kommunen som vil ta vare på den gamle kyrkjegarden. Etter dette vart det sett ned ei nemnd som skulle sjå på alternative løysinga.

Kyrkjeverje Anders Myrene seier at dei førebels diskuterer tomt. Dei har ikkje noko å presentere før til hausten. Då blir saka lagt fram for politikarane.