Yr.no og Storm.no melder sol og varme så langt auget kan sjå, i alle fall langtidsvarselet.

Lite vind blir det også, mellom 1 og 4 m/s.

Det blir litt overskya førstkomande torsdag, men det er samstundes meldt 18 gradar, så det skal vere til å leve med.

Onsdag neste veke byrjar Smak av Ulstein. Den ettermiddagen er det meldt 22 gradar og sol i Ulsteinvik.

Så det er berre å finne fram solbriller og sommarklede, om du ikkje alt har gjort det.