– Festtalens tid er forbi, og det er på tide med konkrete tiltak. Vi har same målet, men ho må vere villig til å sjå den kvardagen som sosialdemokratiet har skapt for ungdommen. Det er ein kvardag mange ikkje meistrar, fordi dei teoretiske krava er for høge. Er ein elev skuletrøytt og ikkje motivert, så gagnar det ikkje utdanningsinstitusjonen eller eleven sjølv at han eller ho går vidare i systemet. Då er det betre med praktisk arbeid, før ein går inn igjen på det teoretiske, seier Grimstad.

Han meiner problemet i denne debatten er at opposisjonen tek tak i og skapar ei historie knytt til ei utsegn, og presenterer det som FrP sin politikk.

– Eg har sjølv i mi eiga bedrift tatt inn skuletrøytte ungdommar ved fleire høve, somme før dei var ferdige med ungdomsskulen, og sett at desse blei gode arbeidsfolk. Desse blei inkluderte, ikkje ekskluderte.

Samarbeid med NAV

Grimstad meiner det finnast løysingar for dei som ikkje kjem inn på vidaregåande opplæring.

– Ein kan eksempelvis, i samarbeid med NAV, få ut ungdommar som vil ha arbeid, til bedrifter som tek i mot ekstra arbeidskraft. Når nesten kvar tredje elev droppar ut av vidaregåande og dette talet har heldt seg i mange år er det på høg tid Arbeiderpartiets løysing blir kasta på skrothaugen for godt.