Einar Holm har lang fartstid i politikken, og sat sjølv som ordførar i Hareid i fire periodar, fyrst i to periodar for Venstre mellom 1976 og 1983, og seinare for Venstre og Tverrpolitisk liste mellom 1992 og 1999.

I desse dagar rasar debatten om kommunesamanslåing for fullt, og Holm meiner hans eigen heimkommune ikkje har posisjonert seg så godt som dei burde, inn mot den komande kommunereforma og samanslåingar.

– Eg registrerer at mange kommunar ser føre seg ei samanslåing med kommunar rundt, og no for alvor posisjonerer seg i forhold til det. Eg ser til dømes til Ulstein kommune og andre kommunar som har vore framsynte. Dei har investert stort dei seinare åra, og har nok heilt klart hatt ein tanke om å investere og bygge ut, nettopp på grunn av ei komande kommunereform. Dei ligg, slik eg ser det, veldig godt an.

Holm meiner Hareid kommune på si side ikkje har gjort ein god nok jobb.

– I Hareid har ein ikkje augna sjansane til å gjere dei rette politiske avgjerslene for å stå betre rusta inn i mot ei kommunesamanslåing. Det har nesten ikkje vore teikn til aktivitet eller iver for å gjere kommunen attraktiv. No rasar utviklinga vidare, og eg fryktar vi snart står att med hua i handa når ei eventuell samanslåing har skjedd. Hareid kommune har rett og slett hamna i bakleksa, mellom anna i forhold til Ulstein.

– Vakse frå kvarandre

Holm meiner kommunane på kvar si side av Eidet har vakse frå kvarandre.

– For få år sidan frykta eg ikkje dette i det heile tatt. Då var kommunane nok så jamstilte. Men, Ulstein har som sagt vore framsynte, og dei vil få igjen for investeringane sine når det nye kommunekartet blir bestemt, seier Holm og legg til:

– Mykje av løpet er allereie køyrt, men alt for seint er det ikkje. No veit vi mellom anna enno ikkje kor stor kommune vi vil bli ein del av. Forslaga har variert mellom heile Sunnmøre, til Søre Sunnmøre, til Ytre Søre, til berre Hareid og Ulstein. I alle desse tilfella har Hareid uansett hamna på etterskot, men berre storleiken på kommunen vil bestemme kor mykje på etterskot vi ligg.

– Lite politisk engasjement

Holm fortel at samtalane mellom politikarane i Hareid mest av alt har vore kring det å slå saman eller ikkje.

– Det har nesten ikkje vore noko om kva ein konkret vil gjere fram mot ei samanslåing. Korleis vi vil sikre vår posisjon som kommune i ei samanslåing, same kva modell eller storleik det blir snakk om. Det er mangel på politisk engasjement, det er mangel på personar som går i bresjen i det politiske systemet her i kommunen. Det har mest våre småhogging kring ulike tema, utan at vi har hatt nokon som har sett det lange løpet. Vi har mellom anna industriområde og tomtefelt vi absolutt burde klargjort for lenge sidan. Politikarane må no for alvor vise at dei er med i denne prosessen, og vise at dei er aktive.

Holm trur det han meiner er realitetane kunne vore annleis.

– Eg er overtydd om at dersom Hareids-politikarane hadde tenkt nøye gjennom, og sagt med seg sjølv; no gjeld det å få på plass ein struktur som vi ikkje treng å debattere etter ei samanslåing. Ja, då ville vi unngått å stå igjen med hua i handa, seier Holm til slutt.