Avinor melder at flyet som skulle gått frå Ørsta Volda lufthamn til Oslo klokka 10.35 er innstilt. Flyet frå Oslo til Ørsta Volda lufthamn klokka 10.10 vart også innstilt.

Det er den sterke vinden som er grunnen til at flya vart innstilte.

Det er i ettermiddag meteorologane varslar at det vil blåse opp endå sterkare, men om det er blir kuling eller storm er vanskeleg å seie. Sjølve lågtrykkssenteret treff Møre og Romsdal, men vindstyrken blir sterkast sør for Stadt.

Yr.no melder noko sterkare vind lokalt enn storm.no.