Orda kjem frå Guri Aasen i Fosnavåg. Sidan 2011 har ho reist rundt med forteljarframsyninga «Fiskarkona og døtrene hennar». Hittil har det blitt 70 framsyningar. Men ei teaterframsyning er flyktig, og Tanken på at ho ein dag skulle «falle død om i Skarabakken», har fått henne til å fange historia om fiskarkonene mellom to permar.
Det har blitt eit hundreårig kvinnealbum om fiskarkonene sine liv i tidsrommet 1860 til 1960.
– Eg ønskjer å løfte fram nokre av dei tusenvis av kvinnene som gjennom tidene har vore mottaksapparat for foredlinga av grøda i havet, skriv Aasen i forordet til boka.
I løpet av 2010 gjennomførte ho samtalar med 32 kvinner og menn i alderen 48 til 104 år, og alle bidrog med solid handlingsboren kunnskap.
– Historiene i boka er basert på dokumentarisk stoff, men alle informantane mine ville vere anonyme, og eg har teke meg den kunstnariske fridommen at eg har knytt fleire minne saman til eitt minnebilde, forklarer ho.
– Det er eit problem at det opp gjennom tidene har vore skrive så lite om innsatsen til kvinnene. Kjeldeomfanget er derfor ikkje så stort. Det er skrive side opp og side ned om mannen og båten, båten og mannen, mannen og båten. No følte eg at eg måtte hive meg rundt og skrive om desse arbeidsjerna av nokre kvinner.
Aasen understrekar at ho har funne fragment om innsatsen til kvinnene hos Bjarne Rabben og endå meir i boka til Åsa Elstad; «Kystkvinner i Norge.
Boka «Fiskarkonene og døt-rene hennar» er spekka med gamle bilete som gjer det ekstra interessant å blade i henne. Lisa Nymark-Engelstad står for design og layout, medan Anne-Ma Solheim i Cann har skapt framsida. Ho kjem ut på forlaget Vestafor Måne, Guri Aasen sitt eige forlag.
Sjølv om det er kvinner i Herøy Aasen skriv om, er boka interessant også for andre.
Formødrene våre på Ytre Søre Sunnmøre hadde nok mykje den same kvardagen.