Før vi går nærare inn på tragedien i 1916, må vi sjå på eit fenomen som er med på å forklare kvifor så mange frå våre kantar var med ein kanadisk fiskebåt den gongen:

Utvandringa til Amerika er eit dramatisk innslag i norsk historie. I tidsrommet 1836–1915 utvandra det over 750.000 nordmenn; nesten like mange som det budde i landet ved inngangen til 1800-talet. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring i høve til folketalet. I Europa hadde berre Irland fleire emigrantar etter folketalet.I 1862 opna Homestead-lova for fri eigedomsrett til jord, og USA stod fram som det lova landet. Alle som ville busetje seg og drive jordbruk, fekk 650 mål til odel og eige. Så slutta borgarkrigen i 1865, og masseinnvandringa kunne starte for alvor. I Noreg kom den første store utvandringsbølgja i kriseåra 1866–73. Då reiste 111.000 nordmenn av garde. Den neste store bølgja slo til i åra 1880–93 med over 250.000 utvandrarar. Det var nesten like mange som talet på innbyggjarar i norske byar i 1865. Den siste store straumen går mellom 1900 og 1910 då 200.000 drog sin veg. (Jostein Nærbøvik, Norsk historie 1860–1914).

Utvandringa frå våre bygder

Frå Ulstein reiste det 316 personar; 225 menn, 67 kvinner og 24 born. Av desse vende 62 heim att, ni av dei etter avslutta yrkesliv. Til samanlikning reiste 219 personar frå Hareid; 136 menn, 59 kvinner og 24 born. I boka Ulstein og Hareid i Amerika set forfattarane Knut J. Hasund og Asbjørn Waage eit merke ved årstalet 1851. Då reiste Magnus Rise over saman med huslyden sin. Likevel var det ikkje før kring 1880 at det kom fart i utvandringa frå våre bygder. Den utferdstrongen som då vart kveikt, og som så mange vart gripne av, vart kalla amerikafeber. På Hareidlandet vart folk først og fremst rivne med av den andre bølgja. Ho tok til nokså umerkeleg i 1880, men steig for kvart år. Folk vart dregne med litt etter kvart, slik at den lokale bølgja rakk heilt til 1910 – med etterdønningar fram til 1913. Første verdskrigen sette ein mellombels stoppar, men så starta ei siste bølgje då krigen var over. Ho stoppa altså ikkje før depresjonen i 1929. I desse 50 åra reiste 442 personar frå Hareid og Ulstein. Reknar vi med at folketalet for dei to kommunane i snitt låg kring 3.700 i perioden, utgjorde utvandringa 12 prosent. Det er verdt å merke seg at 75 prosent av dei mennene som reiste, var 25 år eller yngre. Det var altså unge menn som stod framfor val av yrke; ungdom med livsmot og tiltakslyst.

Gjennomsnittsalderen på kvinnene som reiste, var noko høgare. Det kom gjerne av at gutane reiste først. Når dei hadde etablert seg, sende dei bod på jenta si, eller kom heim ein snartur for å hente henne med seg. Andre jenter kunne slå følgje. Det var god bruk for tenestejenter på farmane i Midtvesten. Frå Ulstein reiste det flest enkeltpersonar og berre få huslydar, medan det reiste heile åtte huslydar frå Hareid. Desse huslydane hadde til saman 58 medlemmer og utgjer om lag ein fjerdedel av utvandrarane frå Hareid. (Hasund og Waage 1986).

Fisket slo feil – søkte lykka på andre sida

I 1910–11 kom ein stor kontingent utvandrarar frå Ulstein over, heile 33 i talet. Mange av dei var fiskarar som drog over fordi fisket her heime hadde slege feil. Mellom desse var Rasmus S.O. Ulstein, fødd på garden Ulstein i 1986. Rasmus hadde drive fiske sidan han var konfirmert. I mars 1910 gav han seg i veg og håpte på betre fiskelykke på andre sida av Atlanteren. Han reiste til Everett, der det var mange ulsteiningar frå før. Men Rasmus gav seg ikkje til der. Han drog vidare til Vancouver, ein by ved Stillehavskysten i provinsen Britisk Columbia i det sørvestlege Canada. Her tok den no 24 år gamle mannen til med kveitefiske. Han arbeidde seg opp til styrmann på den store fiskebåten Onward Ho. Rasmus var eit vanskeleg namn for amerikanarane. Han skreiv seg difor i staden Sig. Ulstein.

Ein annan var Josef Rasmusson Ulfstein, fødd i 1888. Han var son til kjøpmann Rasmus Johannesson Ulfstein og Anne Marie f. Osnes og budde på Osnes. Det var bror til Josef, Ragnvald (f. 1884), som dreiv handelen vidare. For Josef vart det fiske. Han reiste så over til Amerika i mars 1910 og fekk etter kvart jobb om bord i Onward Ho.

Den tredje vi nemner, er Johannes Knutson Ertesvåg, fødd 1892 i Ertesvågane. Faren døydde då Johannes berre var eitt år gammal. Mora selde garden og tok med seg dei fire borna til Ulsteinvik. Her voks Johannes opp. Straks han var vaksen nok, tok han til på sjøen. Våren 1911 reiste han over til Amerika saman med fleire frå Ulstein-området. Dei reiste i lag med Alfred Dimmen som hadde vore i Amerika før, og som no var ein snartur heime att. Johannes kom til Vancouver der også han fekk plass på kveitefiskaren Onward Ho.

Den fjerde vi stoppar ved, er Benjamin Berntson Dimmen, fødd i 1889. Han var bror til Alfred Dimmen som altså alt var i Amerika og no var ein snartur heime. Alfred Bentson Dimmen (1887 – 1970) arbeidde ymse stader, men det var ikkje lett å finne noko å leve av. I 1906 reiste han difor til morbroren som då budde i New York. Der var han berre i kort tid før han reiste vidare vestover. Han stoppa eit halvt års tid i Buffalo og arbeidde med lossing og lasting. Deretter reiste han til vestkysten og tok til som fiskar. Det meste av tida dreiv han med kveitefiske, seinare fiska han etter laks. Alfred var ein tur heim til Ulstein i 1910–11 og i 1952.

Den første turen skulle avgjere lagnaden til broren Benjamin. I 1911 følgde Benjamin, eller Ben som han vart heitande i Amerika, nemleg broren over igjen og tok til som fiskar på vestkysten. Rundt nyttår i 1916 skulle båten vi no har høyrt om fleire gonger, Onward Ho, ut på ny tur. Ein av mannskapet, Elias Roppen, måtte gå land på grunn av svollfinger. Ben var ledig nett då og overtok plassen. Elias, fødd på Flø i 1888, var òg ein av dei som reiste frå Ulstein i 1911. Også han sette kursen for vestkysten og fekk arbeid om bord i Onward Ho. Men på grunn av svollfingeren var han altså ikkje med på lagnadsturen på nyåret 1916. Elias vart sjuk, og frå legen fekk han beskjed om at han måtte slutte med sjølivet om han ville kome seg til att. Han fekk det rådet at han skulle oppsøke ein geitefarm og drikke geitemjølk. Elias så gjorde, og kom seg til krefter att. Han budde vidare i Vancouver.

Lat oss også ta med ein femte person frå Hareidlandet. Ragnvald Larsson Brandal var fødd i 1887. Han var skøyteskipper og gardbrukar i Brandal. Men han valde å vandre ut til Amerika i 1912, kom til Vancouver og tok til som fiskar. Han var gift med Johanna f. Giske (d. 1955). Ved nyttår i 2016 gjekk Ragnvald om bord i Onward Ho saman med mellom andre ulsteiningane Rasmus Ulstein, Josef Ulfstein, Johannes Ertesvåg og Benjamin Dimmen.

Onward Ho

Den 143 fot lange stimtrålaren Onward Ho vart bygd ved Earles Shipbuilding i Hull, England, i 1907. Båten var dei første åra heimehøyrande i Hull, og derifrå drog han på sine lange fiskeekspedisjonar i nordlege farvatn. På ein slik fisketur i juli 1910 vart båten arrestert av russarane og skulda for å ha fiska innanfor den nye 12-milsgrensa som russarane hadde innført. Tidlegare hadde det eksistert ei 3-milsgrense. Etter mykje fram og tilbake sleppte russarane båten som kunne returnere til Hull 17. juli. Dei engelske eigarane sende eit krav om økonomisk erstatning til dei russiske styresmaktene. Historia fortel ikkje noko om korleis det gjekk, men vi kan vel tenkje oss at der ikkje kom noka erstatning.

Ei stund seinare gav Onward Ho seg i veg til Britisk Columbia i Canada. Båten enda opp i Vancouver-området ved Stillehavskysten og fekk ny eigar i 1914: Først Packers Steam Ship Co Ltd, Vancouver, så i 1915: British Columbia Packer`s Assosiation, Stevenson. Her skulle båten drive kveitefiske – mellom anna på bankane utanfor det søraustlege Alaska. Dette fisket vart rekna for rikt, og marknaden for kveite var aukande. Men det var konkurranse mellom båtar og reiarlag, og det kunne drive ein dristig skipper til å ta sjansar. Samanlikna med dei andre båtane, var Onward Ho ein av dei nyaste og best utstyrte. Då han la i veg like over nyttår 1915/16, hadde reiarlaget bestemt seg for å følgje rådet frå kaptein Fredriksen om å ta ein ekstra tur. For mannskapet betydde det ekstra inntekt, noko som kunne kome godt med.

Båten hadde ein mannskapskapasitet på 34, men i eit brev til Sunnmørsposten hevda John Dybhavn at det var 37 mann om bord då båten la i veg på den lagnadstunge turen. Sjølv om reiarlaget var eit Vancouver-selskap, var berre åtte av mannskapet britiske. Heile 26 av dei var nordmenn, og dei fleste av dei nokså unge. Dei oppheldt seg i eit område med stort mannsoverskot, og i eit land som no var involvert i første verdskrigen, som ein del av det britiske imperiet. Rundt 1916 var kanadiske styresmakter opptekne av å registrere kven som arbeidde i skog og på sjø i Britisk Colombia. Dei ville vite kven som kunne brukast til soldatar og sendast til fronten i Europa. – Dei fleste norske var ungkarar utan eigen familie. Men dei hadde likevel nære familiemedlemer som var opptekne av at dei skulle kome heim igjen; mødrer, tanter og småsøsken. Personmappene i arkivet til konsulen viser mange ulike historier, fortel Kristin Øveraas som har arbeidd mykje med dette forliset.

Med to unntak gjekk aldersspennet frå byssegut Oskar Hessen på 20 år til kokken Jens Aas på 38. Begge to var emigrantar frå Ålesund. Om bord var det tre frå Oslofjord-området, tre frå Lindesnes-traktene, fem frå Trøndelag, tre frå Narvik/Vesterålen, to frå Romsdal og heile 10 frå Sunnmøre. I tillegg til Hareid og Ulstein hadde desse sunnmøringane nære slektsband til Herøy, Ålesund, Valderøy, Giske, Volda og Sykkylven.

Hard vinter

Dei som fiska kveite langt der nord på det amerikanske kontinentet, var vel vande med strenge vintrar. Vinteren 1915–16 var likevel utanom det vanlege. Avisa Canadian Fishermen fortel i mars 1916 at vêret hadde vore det mest vindfulle kveitefiskarane hadde opplevd i dette området så langt. Båtane hadde rapportert om kulde og storm; flåten hadde vore heldig som ikkje hadde opplevd endå større tap av menneskeliv.

Avisa fortel om stimbåten New England, som høyrde til New England Fish Company i Vancouver. Båten sette kursen heim frå fiskefelta rundt 120 miles vest for Yakatat, Alaska, 18. januar. Skuta møtte med ein gong sterk vind og tung sjø. Ho prøvde å gå til hamna i Yakatat, men klarte det ikkje. Sjøsprøyten skapte eit kompakt islag over heile båten, og mannskapet kjempa ein hard kamp med å banke is. På eitt tidspunkt, medan bølgjene slo over skuta, var det så mykje is på dekk at mannskapet trudde båten ville gå rundt og søkke.

Alt utstyr vart kasta over bord for å lette skuta mest mogleg. Sju av mannskapet fekk kraftige frostskadar på hender og i ansikt under arbeidet med å banke is. Fleire gonger var det nære på at folk vart skylde over bord.

Turen frå fiskefeltet og heim tok vanlegvis fem dagar, men denne gongen brukte New England ni. Skipperen på ein anna kveitebåt, Carruthers, fiska saman med New England, men tykte ikkje fisket var godt nok, og bestemte seg for å gå lenger vest. Men vêret tvinga han til å snu og sette kursen heimover. På turen banka mannskapet is heile vegen, og alt som kunne kastast over bord, gjekk på havet, inkludert doryane (mindre båtar nytta til å fiske saman med moderfartøyet). Fleire andre båtar melde om liknande opplevingar.

Ingen teikn

Då Avisa Canadian Fishermen fortel om vêret og kveitebåtane i mars, har dei ingen ting høyrt frå Onward Ho. Avisa visste at båten gjekk ut frå Vancouver med kurs for felta utanfor det søraustlege Alaska 6. januar 1916 etter å ha teke om bord drivstoff (kol) og proviant. Mannskapet på New England var etter alt å dømme dei siste som såg båten den 16. januar. Onward Ho rapporterte då om ei last på vel 80 tonn kveite. Canadian Fishermen hevdar at skipperen då ville setje kursen heimover med ein gong. Men i ein artikkel til Sunnmørsposten datert 25. februar 1916 skriv signaturen J.D. frå Prince Rupert, B.C. at Onward Ho ville fiske to dagar til for å få full last: – Dette var det siste ein såg til båten. Oppfatninga er at han var nokså tungt lasta, og at han hadde blitt nedisa og gått til botns.

Ein båt frå staten har vore ute og søkt etter fiskedampbåten, men utan resultat, heiter det i Sunnmørsposten. J. D. var den omtalte John Dybhavn. Han emigrerte til Britisk Colombia i 1907, etter at han hadde vore postbestyrar og dampskipsekspeditør i Fevåg eit års tid. I 1916 var han ein etablert ressursperson i Prince Rupert. Han hjelpte den norske konsulen i Vancouver med arveoppgjeret etter Onward Ho-forliset. Ikkje lenge etter vart Dybhavn visekonsul for Noreg med base i Prince Rupert, ein viktig hamneby på den tida. Det kan ikkje vere tvil om at Onward Ho med sitt mannskap opplevde det same uveret som skapte trøbbel for dei andre kveitebåtane i området, og at båten ikkje har klart det. Onward Ho vart borte i bølgjene med heile sitt mannskap; ingen ting frå skuta vart funne etterpå. No er det 100 år sidan.

Minnemarkering

Forliset til Onward Ho har gått inn i historia som eitt av dei største tapa i kanadisk sjøfartshistorie. I 1996, 80 år sidan forliset, vart det reist eit minnesmerke over bortkomne fiskarar i Stevenson, Richmond, sørvest for Vancouver. Her stod 31 av namna på mannskapet frå Onward Ho. Så vidt vi forstår, blir det arbeidd med å komplettere namnelista. Ved Ulstein kyrkje er det reist eit minnesmerke over ulsteiningar som har kome bort på havet. Her står namna til dei fire som gjekk ned på kveitefiske ved Alaska i januar 1916.

I år, 100 år etter forliset, har det vore minnemarkeringar både i Ålesund og i Canada. Ei av dei som har jobba mykje med dette forliset, er Kristin Øveraas, etterkomar etter ein av dei omkomne. Ho har vore til god hjelp med omsyn til opplysningar om båten og forliset.

Teksten er henta frå Levd Liv 2016

Kjelder: Jostein Nerbøvik, Norsk historie 1860–1914Ulstein og Hareid i Amerika, Knut J. Hasund og Asbjørn WaageBygdebok for Ulstein og Hareid, Bjåstad og Waagehttps://millymarmotprivate.wordpress.com/onward-ho-the-last-crew/Avisa Canadian Fishermen, mars 1916Sunnmørsposten 1916Samtalar med Kristin ØveraasDiverse nettstader og leksikon