Tidlegare denne veka diskuterte levekårsutvalet i Ulstein samanslåing av NAV-kontora i Ulstein og Hareid. Rådmennene i dei to kommunane foreslår at Hareid blir vertskommune for det felles kontoret. NAV-leiar Anders Hammer var og orienterte utvalet om samanslåinga. Hammer fortalde at NAV har eit mykje større trykk av brukarar no enn tidlegare. Eit samla Storting har uttalt at dei ønskjer større NAV-kontor for å styrke fagmiljøa og gjere kontora meir robuste. Dei NAV-tilsette skal prioritere ungdom, innvandrarar og langtidsledige. Ved å digitalisere tenestene frigjer dei tid til å hjelpe dei som treng det mest.

Flytte arbeidsplassar

Men Egil Ulfstein (H) ville ikkje vere med på å flytte arbeidsplassar ut av Ulstein.

Ulfstein uttrykte seg særs kritisk til at ordføraren i Ulstein er med på å flytte arbeidsplassane på NAV-kontoret i Ulstein til Hareid. Høgremannen trudde at fokus låg ein heilt annan plass enn å flytte arbeidsplassar ut av kommunen. Han stilte spørsmål med kven sine interesser ordføraren tente? Ulfstein meinte det ikkje er Ulstein kommune si oppgåve å hjelpe Hareid å få på plass eit helsehus. Hareid vil uansett ikkje slå seg saman med Ulstein, dei røysta nei. Han forventar at ulsteinordføraren snur i denne saka.

Bør tenkje på omdømet

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) svara at bakgrunnen for prosessen er at Stortinget ønskjer større kontor for å det vil tene brukarane. For å samarbeide med andre kommunar må ein gje og ta. No er det Hareid sin tur å få. Engh viste til at Ulstein er med i fleire interkommunale samarbeid, og ein må prøve å fordele. Det store PPT-kontoret er lagt til Ulstein. Barnevernkontoret er lagt til Volda. Og Ulstein vart vertskommune i det felles brannvernet mellom Hareid og Ulstein. Ulsteinordføraren meiner at det er viktig at kommune har godt tilhøve til naboane. – Og då må me vere litt rause, sa han.

I kommunesamanslåingsprosessen kom det fram at ein del av nabokommunane til Ulstein oppfattar Ulstein som ein kommune som grev til seg alt. Då må ein vere litt rause. Ulstein og Hareid er ein felles arbeidsmarknad og kommunane ønskjer felles kontor til beste for brukarane. Denne gongen bør det leggjast til Hareid, meinte Engh.

– Denne saka skal til kommunestyret, så dette er oppvarminga, kommenterte utvalsleiar Trond Berg (KrF).

Sakna oversikt over kostnader

Einar Nevstad (Frp) sakna at det stod i sakspapira kva samanslåinga vil koste. Terje Garnes Oterhals (Sp) var samd i at politikarane bør få kjennskap til eventuelle kostnader. Kersti Hasund (SV) meinte politikarane må krevje at tala kjem på bordet før dei gjer vedtak i kommunestyret.

Berg forstod innlegget til Ulfstein, men tenkjer at Hareid tilhøyrer den nære arbeidsmarknaden til Ulstein. Det hadde vore vere om arbeidsplassane vart flytta over fjorden. Dette handlar om å gjere kvarandre gode, då er det ikkje så viktig om det blir lagt til Hareid eller Ulstein.

Levekårsutvalet slutta seg så tilrådinga om å slå saman kontora og leggje det til Hareid. Men med eit tillegg frå Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne: om at dei ber NAV sikre at menneske som ikkje brukar digitale tenester til ei kvar tid får dei tenestene dei har bruk for.