- Dette tek vi sterk avstand frå. Det er det ingen tvil om, seier Anders Riise til Vikebladet Vestposten.

Det var Sunnmørsposten som onsdag ettermiddag fortalde om at fylkesordføraren blir hetsa i sosiale media for sitt standpunkt.

Han er ikkje på same side som Jon Aasen i debatten om kvar politimeisteren i fylket skal halde hus, Hareid-ordførar og leiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise (H). Medan vanylvingen Aasen meiner Kristiansund bør få politimeisteren, er Riise og resten av Sunnmøre regionråd klare i si sak. Politimeisteren skal halde hus i Ålesund, slik politidirektoratet sjølv har vurdert som det beste, etter ei fagleg vurdering. Men, det at Aasen no blir utsett for personhetsing, også frå eigne partifeller, får Riise til å reagere kraftig.

- Reint fagleg og politisk er eg ueinig med Aasen i denne saka. Han må også tole å få reaksjonar når han vel som han gjer. Men, kritikken skal vere fagleg grunna, og på ingen måte gå på person. Dette høyrer ikkje heime nokon stad. Som ein seier i fotball, ta ballen, ikkje spelaren, seier Riise.

Folkemøte måndag

Det var 5. oktober i år at direktoratet sendte ut eit dokument på høyring, der dei føreslo at Ålesund skal ha politimeisteren. Eit stort fleirtal av kommunane i fylket ønskjer at politiet sin leiar skal vere i Ålesund, medan fylkestinget er delt i sitt syn på saka. Rabalderet tok til for alvor då fylkesordføraren fortalde at åtte av dei tretten medlemmane i fylkesutvalet ville stemme for Kristiansund.

Det har tidlegare vore folkemøte i Kristiansund kring denne betente saka, og førstkomande måndag blir det eit slikt møte i bystyresalen i Ålesund rådhus. Der stiller Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap), Hareid-ordførar og leiar av Sunnmøre regionråd, Anders Riise (H), Frank Sve (Frp) og tidlegare Ålesund-ordførar Bjørn Tømmerdal (H).

Hareid-ordførar og leiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise (H), tek sterk avstand frå personhetsinga av fylkesordførar Jon Aasen (Ap).