Vikebladet Vestposten har i dag, torsdag,  ein artikkel om at fartsmålinga i Eiksundtunnelen har vore ute av drift sidan tidleg i 2015.   Vegvesenet har ansvar for drift og vedlikehald av anlegget, og dei forklarer driftsstansen med ei rekkje samanhengande hendingar over lang tid.   I artikkelen går det også fram at politiet ikkje har visst om dette.  Lensmann Guttorm Hagen, som er einingsleiar for politiet på Søre Sunnmøre, seier driftsproblema bør rettast omgåande.

Då artikkelen vart delt på facebooksida til Vikebladet Vestposten,  var det mange som meinte det hadde vore betre viss folk ikkje fekk vite at fartsmålinga ikkje fungerer.

Dette var reaksjonar som var venta.  Men publiseringa ligg det ei grundig vurdering av om saka har offfentleg interesse eller ikkje.  Vikebladet Vestposten la vekt på følgjande då vi valde å publisere saka:

- Vi har snakka med pendlarar som seier dei har lagt merke til meir råkøyring i tunnelen den siste tida.  Pendlarane lurer på korleis foilk kan køyre slik i tunnelen utan å verte stoppa/bøtelagde/fråtekne førarkortet.

- Dei fleste fotoboksar er ute av drift i kortare periodar.  Fartsmålinga i Eiksundtunnelen har ikkje vore operativ sidan tidleg i 2015.  Det er to og eit halvt år og like lenge som gjennomsnittsmålinga faktisk fungerte.

- Svært mange yrkessjåførar veit eller har forstått at fotoboksane er ute av drift. Køyrelærar Paul Leinebø er ein av dei.

- Det er ein "snakkis" blant mange som køyrer ofte i tunnelen: fotoboksane blinkar aldri.

- Bilistar som køyrer for fort får ikkje bot, noko dei sjølvsagt legg merke til og fortel til andre.

- Råkøyrarar vert ikkje fråtekne førarkortet og får halde fram med å køyre for fort.  I 2014 vart det til dømes inndrege atten førarkort i Eiksundtunnelen. I 2015 mista EIN bilførar lappen før målinga slutta å virke. Og etter den tid har ingen mista førarkortet.

- Politiet visste ikkje at fartsmålinga er ute av drift, det fekk dei vite av avisa.

I pressa sine etiske retningslinjer, Ver Varsam-plakaten, står det følgjande om kva samfunnsoppdrag vi har:

Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold.

Vikebladet Vestposten har i denne saka avdekt eit kritikkverdig forhold.  Vi har ingen grunn til å tvile på at Statens vegvesen har gjort det dei kan for å ordne systemet, men faktum er at driftsstansen har vart svært lenge.  Vegvesenet burde også ha varsla politiet,  som kunne ha hatt fartskontrollar i tunnelen og dermed hindra råkøyrarar i å halde fram med å vere til fare for seg sjølv og andre.

Fartsmålinga i den nesten åtte kilometer lange undersjøiske Eiksundtunnelen kom på plass etter ulukka sommaren 2009, som kravde fem liv.   Ei ny ulukke i tunnelen kan fort vere like fatal.  Fartsmålinga skulle vere med på å sikre tryggleiken for dei som ferdast gjennom tunnelen, ved å luke ut dei som køyrer for fort.

Summen av dette meiner eg viser at saka har offentleg interesse.  Og viss bilistar tolkar artikkelen i Vikebladet Vestposten slik at det no er fritt fram i Eiksundtunnelen, er det svært skuffande.

Linda Eikrem

Redaktør, Vikebladet Vestposten