(NPK-NTB): I femårsperioden 2012 til 2016 har talet på nye krefttilfelle per 100.000 innbyggjarar auka med 1,2 prosent for menn og 4,5 prosent for kvinner, samanlikna med femårsperioden frå 2007 til 2011. Det viser dei siste tala frå Kreftregisteret. Hovudårsaka til auken er at risikoen for å få kreft aukar med alder, og befolkninga i Noreg lever stadig lenger. I tillegg aukar populasjonen, noko som igjen medfører større talet på diagnosar.

I fjor blei det registrert 32.827 nye krefttilfelle i Noreg, opp frå 32.592 i 2015. 54 prosent var blant menn, mens 46 prosent av tilfella er hos kvinner.

36 prosent av alle menn og 30 prosent av alle kvinner vil bli diagnostisert med ein kreftsjukdom før dei fyller 75 år.

Tidlegare diagnose og betre behandlingstilbod har ført til at risikoen for å døy av kreft er mykje redusert dei siste tiåra, og i dag er sju av ti framleis i live fem år etter diagnosen.