– Eg tenkjer mykje på det som skjedde, og mannen sine nærmaste

Heilt tilfeldig og ufrivillig blei også Omojoye Samuel Joshua råka av den tragiske bubilbrannen i Ulsteinvik, der ein mann omkom. Sjølv om det for Samuel "berre" var lastebilen og varer han skulle frakte for andre som gjekk med i brannen, må han no byggje opp igjen verksemda si steg for steg. – Eg finn mykje styrke i å snakke med Gud, seier han.