Den 30. desember kom ein færing drivande mellom Brandal og Hareid. Vedkomande som fann båten tok vare på han og kontakta politiet.

Lensmannskontoret opplyser at færingen er spiss i båe endane, er 13–14 fot lang og mørkebrun.

Om du mistenkjer at det er din færing, kan du ta kontakt med Hareid og Ulstein lensmannskontor.