Konsulentselskapet Agenda Kaupang har på oppdrag frå dei to kommunane laga ein rapport der dei vurderer fordeler og ulemper med å slå saman dei to kommunane.

Rapporten er no ferdig, og ordførarane Anders Riise i Hareid og Jan Berset i Ulstein ser føre seg at det i februar blir eit felles kommunestyremøte. På dette møtet skal dei også invitere representantar får kommunar som har vore gjennom samanslåing. Til dømes Tustna og Re kommunar. Dette for å få vite kva erfaringar dei har gjort seg.

I begge kommunane blir det kommunestyremøte i løpet av mars, og tanken er at kommunestyra då skal ta stilling til om dei vil gå vidare med kommunesamanslåingsprosessen eller ikkje.

Både Jan Berset og Anders Riise uttalte på ein pressekonferanse måndag at dei har tru på kommunesamanslåing.

Største kommunen på Søre Sunnmøre

Dersom Hareid og Ulstein slår seg saman, blir kommunen på om lag 13.000 innbyggjarar, og den største kommunen på Søre Sunnmøre.

Jan Berset, som flytta til Ulsteinvik i 1971, røpa at han aldri har forstått kvifor Hareid og Ulstein ikkje var eitt.

– Slår vi oss saman, får vi ein meir operativ og handlekraftig kommune. Vi vil bli meir robuste for framtida, konkluderte han med.

Sjølv om Hareid, med sine 5000 innbyggjarar, blir “veslebror” i storkommunen, ser heller ikkje Anders Riise mørkt på ei samanslåing.

– Eg vil ikkje trekkje nokon konklusjon i dag. Men i utgangspunktet er eg for at vi slår oss saman, svarar han.

Ulsteinvik det opplagde regionssenteret

I rapporten frå Agenda Kaupang står det mellom anna at Ulsteinvik er eit sterkt regionssenter, som kan fungere som drivkraft for næringsutvikling i heile regionen, og vere det opplagde lokaliseringsstaden for regionale funksjonar både i statleg og fylkeskommunal regi. Dette vil vere ein klar fordel ikkje berre for Hareid og Ulstein, men også for dei andre kommunane på øyane.

På spørsmål frå Vikebladet Vestposten svarer Anders Riise at i forhold til handel er det ikkje tvil om at Ulsteinvik er senteret, men at Hareid også har sine føremoner, blant anna meir ledig areal til utbygging, og ei strategisk plassering reint kommunikasjonsmessig.

Han ser ikkje føre seg at alle funksjonar i Hareid skal flyttast til Ulsteinvik.

– Staten bør forresten servere oss ei skikkeleg stor gulrot viss vi vil slå oss saman. Eg tenkjer blant anna på ja til Hareid fastlandssamband, legg Riise til.

Vil ikkje diskutere namn og kommunesenter enno

Jan Berset svara slik på spørsmålet frå Vikebladet Vestposten om kommunesenter og namn på den nye kommunen:

– Eg har ikkje lyst til å starte ein diskusjon om verken kommunesenter eller namn på den nye kommunen no. Eg ser det slik at det er naturleg å byggje på det vi har i begge kommunane i dag.

Det førebelse målet til dei to ordførarane er å få til ei rådgjevande folkerøysting om samanslåing i samband med Stortingsvalet i 2013. Og at kommunane er felles til kommunevalet i 2015.

– Bør kommunesenter og namn på den nye kommunen vere klart før ei rådgjevande folkerøysting i 2013?

– Ja, så mykje som råd bør vere klart før den rådgjevande folkerøystinga i 2013, svarer Jan Berset.

Samla reduksjon på 43 millionar kroner

Både Hareid og Ulstein hadde driftsunderskot i 2010. Eit mål med kommunesamanslåing er ein meir effektivt driven kommune.

Agenda Kaupang meiner det bør vere realistisk å redusere driftsutgiftene i Hareid og Ulstein med til saman 43 millionar kroner på kort sikt. 16,7 millionar i Hareid, 26,2 millionar i Ulstein. Dei har samanlikna dei to kommunane med Mandal kommune, som liknar på den samanslåtte kommunen Hareid/Ulstein.

Dei største reduksjonane bør skje innan grunnskule, pleie- og omsorg, administrasjon og lokale.

Skulereduksjon på 16 millionar kroner

Agenda Kaupang meiner skulekostnadene kan reduserast med 16 millionar kroner, primært ved å endre skulestrukturen. Dette kan skje også utan kommunesamanslåing.

– Men vi trur kvaliteten på undervisninga vil kunne ha nytte av kommunesamanslåing. Det vil gi eit større og meir kompetent skulemiljø, heiter det i rapporten til Agenda Kaupang.

Dei peikar på at utgiftene til skulelokale er høge. Verkemiddelet for å redusere utgiftene til lokale vil vere å redusere arealet pr elev.

Mest å spare på skulestruktur i Hareid

Etter pressekonferansen uttalte ordførar Jan Berset at Ulstein i dag har ein skulestruktur har trur vil bli ståande i nokså mange år framover. Eit spørsmål då blir om det er i Hareid skulestrukturen skal endrast.

Riise svarer at rapporten til Agenda Kaupang viser at det er spesielt i Hareid det er pengar å spare på skulestruktur. Dette er blant dei områda som er lagt til grunn for kommunesamanslåinga, og det må både politikarane og folk som skal røyste i den rådgjevande folkeavrøystinga ha i bakhovudet. Men Riise legg til at fleirtalskoalisjonen i Hareid kommune er samde om at skulestrukturen ikkje skal endrast i inneverande valperiode.

I 2010 var kostnadene til grunnskulen i Hareid på 93.000 kroner per elev, medan han i Ulstein var på 94.000 kroner. I Mandal var kostnadene per elev nede på 75.000 kroner.

– Årsaka til høge undervisningskostnader er som oftast små skular, som gir få elevar pr. klasse og få elevar pr. lærar. Gjennomsnittleg skulestorleik er 149 elevar i Hareid og 230 i Ulstein. Det er mykje lågare enn Mandal, som har 291 elevar pr. skule.

Pleiekostnadene ned med 9 millionar kroner

Pleiekostnadene kan ifølgje Agenda Kaupang reduserast med til saman 9 millionar kroner gjennom ulike tiltak. KOSTRA-data tyder på høge kostnader innanfor tenester til funksjonshemma og eldre i Hareid (høg sjukeheimsdekning). I Ulstein er det høge utgifter til institusjonsdrift for eldre. KOSTRA-tala tyder på ei underutvikla heimeteneste i begge kommunane. Ei større kommune kan lettare utvikle ei moderne pleieteneste.

Små avstandar på Hareidlandet

Geografisk ligg alt til rette for kommunesamanslåing, meiner Agenda Kaupang. Dei ser ikkje føre seg at tilgjengelegheita til kommunale tenester vil blir særleg endra.

Rammetilskot og skatteinntekter

Dei frie inntektene til den samanslåtte kommunen vil auke med om lag 3 millionar kroner pr år dei første åra. Ulstein kommune har hatt ekstra inntekter som urban vekstkommune. Desse tilskota vil auke når Hareid kom til. Etter 15 år vil desse inntektene via rammetilskotet derimot mine med om lag 8 millionar kroner i høve til 2011. Årsaka er at basistilskotet forsvinn for ein av kommunane. Det utgjer 11,7 millionar kroner. Skatteutjamning vil ikkje bli endra med dei reglane som vart lagt til grunn då skatteutjamninga for kommunane vart berekna i statsbudsjettet for 2011.

Administrativ reduksjon på 11 millionar kroner

Administrasjons- og styringsutgiftene i dei to kommunane er ikkje høge i dag. I ein samanslegne kommune meiner Agenda Kaupang at utgiftene likevel bør kunne reduserast med om lag 11 millionar kroner (19 prosent) over nokre år – ut frå ei teoretisk berekning. Reduserte administrasjons- og styringskostnader er dermed større enn reduksjonane i rammetilskot etter overgangsperioden på 15 år.

Agenda Kaupang konkluderer også med at fagmiljøet vil bli betre med ein felles kommune.

Avstandane på Hareidlandet er korte, og fleire av funksjonane inneber ikkje springande publikumskontakt. Eventuelle fellestenester vil først og fremst røre ved medarbeidarane, ikkje publikum.

Usikker på lokaldemokratiet

Det einaste punktet Agenda Kaupang ikkje er sikker på fordelane ved kommunesamanslåing, er lokaldemokratiet. Store kommunar har betre organisasjonskompetanse, men innbyggjarane er jamt svakare knytte til lokalsamfunnet enn i mindre kommunar.

Ulsteinordførar Jan Berset, som på pressekonferansen verka hakket ivrigare enn Riise på å slå saman kommunane, meinte det kunne vere ei løysing for lokaldemokratiet at talet på kommunestyrerepresentantar vart større.

Ulstein har i dag 25 representantar, Hareid 21.

Agenda Kaupang har også vurderte eit tettare interkommunalt samarbeid, i staden for kommunesamanslåing. Dei konkluderer med at det går an å oppnå stordriftsfordelar utan kommunesamanslåing. Men at prisis viser at interkommunalt samarbeid har ein del kostnader som reduserer gevinsten. Kommunesamanslåing er ei enklare og meir effektiv løysing. Men dei skriv også at effektive løysingar kan føre til at den politiske styringa kjem meir på avstand.