Fylkesmannen finn ikkje grunn til å stoppe utbyggingsplanane til Rolls-Royce i Ulsteinvik.

Ulstein kommune har godkjent utbyggingsplanane til Rolls-Royce på Osneset. Naboane til industriarealet har klaga på dette vedtaket. Dei meiner at utbygginga vil vere til stor sjenanse for dei, både ved tap av utsikt og soltimar og ved å gje ei kjensle av å bli bygt inne.

Dette vil gje verditap på eigedomane deira, i tillegg til at utbygginga vil redusere trivselen og livskvaliteten deira.

No har Fylkesmannen sett på saka og vurdert om han vil gjere om på vedtaket i Ulstein kommune. Det vil han ikkje.

Fylkesmannen legg vekt på at det her dreier seg om utvikling av ei verksemd som har vore plassert på Osnes i mange år. Ein må rekne med at verksemder utviklar seg, det hadde stilt seg annleis om det var snakk om å etablere ei ny industribedrift, meiner fylkesmannen.

Kommunen kan få rekninga om havet stig

Ei ROS-analyse som er gjennomført viser utfordringar knytt til havnivåstigning og stormflo. Ei ny utbygging med golvnivå lågare enn kote 2,7 meter vil vere utsett for skaderisiko. Likevel tillet kommunen golv på kote 2,3 meter, som det er i dag.

Rolls-Royce har argumentert med at det byr på store problem å leggje golvnivået på dei nye bygningane til 2,7 meter. Fylkesmannen presiserer at Forskrift og teknisk krav til byggverk (TEK 10) ikkje berre gjeld ved risiko knytt til fare for kliv og helse og for miljø, men også der det er fare for materielle skadar. Om utbygginga ikkje stettar krava til tryggleik i TEK 10, men Ulstein kommune gjev dei løyve til å byggje, kan kommunen bli nøydd til å bere den økonomisk byrda dersom naturpåkjenninga fører til skade.

Kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik, seier dei vil sjå nærare på dette. Han meiner at så lenge det her er snakk om produksjonslokala blir ikkje skadane like store om vatnet kjem inn, som til dømes i private bustader.