30. mars skal utdanningsutvalet setje opp klasseplanen for dei vidaregåande skulane i fylket basert på søkjartala, og då reknar rektor Jarle Digernes nesten med at den allmennfaglege studiespesialiseringa vil verte stroken av kartet, og drage formgjevingsfaga med seg i fallet. Med kun to søkjarar til linja er det ikkje lett å kome med motargument, seier Digernes og viser til at grensa for å oppretthalde klassene går ved minst ni elevar. Etter ei tidlegare omlegging heng studiespesialiseringa og formgjevinsfaga tett saman, og ryk den eine lid den andre same lagnaden. Digernes ser imidlertid ikkje heilt vekk i frå at ein kunne ha funne fram til ei alternativ løysing før saka skal handsamast på fylkesplan, men spesielt optimistisk er han ikkje. Herøy vidaregåande skule står sterkt på yrkesfaga og dei har ein god dialaog med næringane. skriv Vestlandsnytt.