Illustrasjon av den nye hallen. Til høgre ser du delar av UVS og bak hallen ser du Ulsmohallen.

Frå Ulstein kommune er det lagt inn søknader på til saman 20 millionar kroner.

Søknadene omfattar desse anlegga:

Nye Ulsteinhallen: kr 13 500 000

Saunesparken: kr 600 000

Flytebrygge Borgarøya: kr 200 000

Høddvoll kamparena: 3 200 000

Solsida kunstgrasbane: kr 2 200 000

Leiar for kultruavdelinga i Ulstein, Kristine Brungot, opplyser at dei no avventar tilbakemelding på om søknadene frå Ulstein vert godkjende. Først i mai/juni får kommunen svar på om dei får tilskot til eitt, fleire eller alle anlegga dei har søkt om.