Roger Helde i Forbrukarrådet meiner straumkundane skal ha ein del i erstatning for straumbrotet i jula. Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

Mange mista straumen i samband med ekstremvêret rundt juletider. Forbrukarane er godt verna ved straumbrot, varslar Forbrukarrådet. I tillegg til å rette krav mot forsikringsselskapet, kan du ha krav på prisavslag eller erstatning frå nettselskapet.

Brot gjev rettar

Blir straumen broten, eller spenninga ikkje held mål, kan du klage til selskapet som har ansvar for straumnettet. Dei pliktar å hjelpe deg innan rimeleg tid, og utan kostnad, etter at du har gjeve melding om brotet eller feilen.

Erstatning og prisavslag

– Uteblir straumen vil du kunne ha rett på prisavslag. Dersom skinkesteika rotnar i frysaren eller røra slår sprekker, vil du i tillegg kunne ha krav på erstatning. Du vil også kunne få dekka eigendelen du har på forsikringa di, seier Roger Helde, som er regiondirektør for Forbrukarrådet i Midt-Norge.

For brot som varer over 12 timar er det laga standardiserte satsar. For kortare brot må tapet vurderast frå sak til sak. Satsane er:

- kr 600 for avbrot t.o.m. 24 timar.

- kr 1.400 for avbrot over 24 timar t.o.m. 48 timar.

- kr 2.700 for avbrot over 48 timar t.o.m. 72 timar.

- kr 1.300 for kvar nye påbyrja 24 timars periode ut over 72 timar.

– Er straumleveringa for dårleg, slik at datamaskinen til dømes kortsluttar på grunn av skiftande spenning i nettet, gjeld ikkje standardsatsane. Men du vil framleis kunne krevje prisavslag og erstatning etter det tapet du faktisk har hatt, legg han til.

Klag til Elklagenemnda

Når du opplever feil med straumleveringa må du ta kontakt med det ansvarlege selskapet innan rimeleg tid. Du har rett til å halde tilbake pengar for å sikre kravet ditt når du klagar. For prisavslag vil rimeleg tid aldri vere kortare enn to månader. Men for erstatningskrav må du sjekke med nettleigeavtalen du har inngått.

Elklagenemnda hjelper deg om du ikkje kjem til semje med straumselskapet. På sidene deira kan du finne vedtak frå tidlegare klagesaker som kan gje deg ein peikepinn på om du har ei god sak eller ikkje.