Innspelet frå områdeleiar Ottar Grimstad kjem etter eit brev frå Sunnmøre Lymfødemforening ved Ingeborg H. Lyngnes Dale. Ho viser til at lymfødem er eit aukande problem, fordi stadig fleire menneske får kreft. Tilbod i Volda er lagt ned Ved Helse Sunnmøre, Volda sjukehus har det i fleire år vore mogleg å få slik behandling, men tilbodet er no lagt ned. I følgje Lyngnes Dahle er konsekvensen at kapasiteten ved Skuggehaugen Fysioerapi og akupunkturklinikk i Ålesund no sprengd, og det står mange pasientar på venteliste. Det er der pasientane i Nordre Sunnmøre får behandling, men senteret har ikkje kapasitet til å ta over pasientane frå Søre Sunnmøre. Sunnmøre Lymfødemforeing spør om det kan tenkjast at ei eller fleire av kommunane på Søre Sunnmøre kan gi driftstilskot til slike stillingar? Ottar Grimstad slår fast at det er behov for tilbod om behandling hos fysioterapeutar med kompetanse i lymfødembehandling på Søre Sunnmøre. Men han ser ikkje at Hareid kommune på eiga hand kan etablere eit slikt tilbod. Kommunen ville då sitje att med store kostnader til eit tilbod som i det vesentlege ville dekke innbyggjarane frå andre kommunar. Driftstilskot etter folketalet i kommunane? – Etablering av eit slikt tilbod må såleis vurderast på interkommunal basis. Det er rimeleg at ei slik sak vert drøfta i Søre Sunnmøre Regionråd som må ta stilling til om det skal setjast i gang ein interkommunal prosess for å greie ut korleis eit slikt tilbod kan etablerast, skriv områdeleiaren for helse i Hareid. Han ser føre seg ein økonomisk modell er utgiftene til eit nytt driftstilskot til fysioterapeuten blir fordelt mellom kommunane på Søre Sunnmøre etter folketalet. Saka skal til handsaming i Hareid formannskap torsdag 28. januar.
Nyhende →
Får ikkje behandling for lymfødem på Søre Sunnmøre
Utvikling av lymfødem er eit stort problem hos kreftopererte. Men på Søre Sunnmøre er det ikkje no spesialistar som kan behandle plagen. Områdeleiaren for helse i Hareid kastar ballen over til Søre Sunnmøre Regionråd og ber dei ta stilling til eit interkommunalt samarbeid.