Det melder NRK Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Målet var å nå 400 nye stillingar allereie i år, men løyvinga i det utgåande statsbudsjettet var ikkje tilstrekkeleg til å nå dette. Når det no blir øyremerkja 240 millionar kroner til det kommunale barnevernet, er det eit resultat av at Barne- og Likestillingsminister Audun Lysbakken ikkje sytte for meir enn halvparten av stillingane regjeringa lovte i 2010.

Når midla no blir øyremerka, vil kommunane få mindre styring med kva pengane skal gå til.

Barne- og Likestillingsminister Audun Lysbakken aukar løyvingane til det kommunale Barnevernet. Foto: Berit Roald/Barne- og Likestillingsdepartementet.