I løpet av våren/forsommaren vil han gå over i ei stilling som konserndirektør i Edda Media - som eig Sunnmørsposten og 30 andre norske aviser. Det er førebels ikke klart kven som skal overta dei to funksjonane etter Rise i Sunnmørsposten. - Tidspunktet for skiftet er ikkje bestemt. Eg sluttar ikkje før vi har fått ei fullgod avklaring for Sunnmørsposten, seier Rise til Smp.no Harald H. Rise har vore ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten i nesten 13 år - dei siste åra har han også vore administrerande direktør. Slik det ser ut no skal Harald H. Rise bli buandei Ulsteinvik. Han kjem etter at å dømme til å ha det overordna ansvaret for Sunnmørsposten og nokre aviser til i ein ny selskapesmodell i Edda Media. I følgje Smp.no synest det no klart at Sunnmørsposten - til liks med andre Edda-aviser - vil gå bort frå ordninga med einleiar-modell. Det vil seie at avisa i framtida kjem til å ha ein ansvarleg redaktør og ein administerande direktør.